Oppskrifter

Emma og mora May

På Gamlebutikken er ekte mat viktig for oss. Vi tilbyr heimelaga, god mat som er enkel og smakfull. Emma, som driv Gamlebutikken, er opprinnleg frå England. Maten vår er difor inspirert både frå Noreg og Storbritannia.

Om oss

Gamlebutikken på Hjelle er ein sjarmerande liten kafé med utsikt over vatn, bre og fjell. Bygningen er frå 1882 og vert drive av same Hjelle-familie som har halde til her sidan starten. Gamlebutikken høyrer til Hjelle Hotell og er ein del av vår rike historie.

Thor Hjelle (1863-1940) var berre 20 år gamal då han starta handelsverksemd i «gamle buda» i 1882. Far hans, Kolbein, ønskte at Thor skulle verte gardbrukar, men Thor valde ein annan veg. Inspirert av tekniske nyvinningar og tiltakslyst på slutten av 1800-talet, starta han fleire prosjekt, inkludert bygginga av Hjelle Hotel i 1896. Før dette reiste Thor rundt og kjøpte varer som han tok med til Bergen, og bytte til seg sukker, salt og andre varer som han selde heime i bygda. Thor var ein av dei første i Stryn som fekk handelsbrev i 1885.

På tidleg 1890-talet kom dei første turistane til Hjelle, og Thor forstod raskt potensialet i den vakre naturomgjevnaden. Med opninga av Strynefjellsvegen i 1894, auka turisttrafikken, og Thor bygde Hjelle Hotel. Hotellet vart ei familiebedrift med alle barna som deltok i drifta. Thor og kona Kristi fekk sju born, som alle arbeidde på hotellet, butikken eller garden. Eldste dottera Dorthe vart utdanna kokk i Oslo og England, medan Elvina vevde vakre bilet-tepper. Kolbein dreiv garden, Lovise hadde ansvar for spisesalen, og Ida tok seg av gjesteroma. Den yngste, Kristine, flytta ut, men budde framleis på Hjelle.

Lorentz Hjelle tok over drifta i 1933, og saman med kona Hanna vidareførte dei tradisjonane med god mat og gjestfridom. I 1952 tok Thor Hjelle over hotellet, og saman med kona Oddny heldt dei tradisjonane i hevd fram til sonen Lorentz overtok. Han og kona Emma Hjelle er no 4 generasjon. Emma, som driv Gamlebutikken, er opprinnleg frå England. Maten vår er difor inspirert både frå Noreg og Storbritannia.

På Gamlebutikken tilbyr vi deilige lunsjretter og kaffimat (sjå meny). I tillegg finn du eit utval av lokal brukskunst, kunstverk og engelsk porselen hjå oss.

Velkomen til ei hyggeleg stund med oss på Gamlebutikken på Hjelle!

Med venleg helsing,

Emma og Lorentz Hjelle

http://www.facebook.com/gamlebutikkenpahjelle

Gamlebutikken på Hjelle

Gamlebutikken på Hjelle er en liten kafe med en stor utsikt over vatn, bre og fjell. Gamlebutikken er frå 1882 og er drevet av same Hjelle familien.

Vi tilbyr enkelt kaffemat (smørbrød, suppe og kake) samt lokale brukskunst, kunst og engelsk porselen.

Velkommen til kaffekos med atmosfer!

Helsing,

Emma og Lorentz Hjelle

http://www.facebook.com/gamlebutikkenpahjelle

Sjokolade og kaffe cupcakes

Katie har laget disse cupcakes på Gamlebutikken, og dei er himmelsk! Eg bruker å lage en glasur slik:

150g smør

300g melis

2ts bakesjokolade

2ss sterk kaffe

Og her er oppskriften for cupcakes:

https://selfproclaimedfoodie.com/heavenly-homemade-chocolate-cupcakes/