Afternoon Tea

Kva er Afternoon Tea?

Afternoon Tea er ein bristisk tradisjon som oppstod i England på midten av 1800- talet. Servert på eit elegangt tre-etasjers fat tilbyr vi eit valfritt smørbrød, ein scone med syltetøy og krem, dagens kake, samt kaffi eller te.

Afternoon Tea hjå oss er ein koseleg og sosial begivenhet, perfekt for å tilbringe kvalitetstid med vener og familie i ein avslappa atmosfære. Vi held til på vakre Hjelle i ein gamal landhandel frå 1882, med utsikt over det turkisblå Oppstrynsvatnet. Gamlebutikken vert i dag drive av same eigarane som på Hjelle Hotel, Emma og Lorentz Hjelle som no er 4 generasjon. Emma, som driv Gamlebutikken, er opprinnleg frå England. Ho har difor tatt med seg tradisjonen med Afternoon Tea til Hjelle.

Vi serverer Afternoon Tea med vakkert engelsk porselen, noko som gjev opplevinga ei ekstra spesiell kjensle. Porselenskoppane skaper den rette stemninga, og gjestene kan kjøpe med seg porselen heim om dei ønsker det.

Kor mykje koster Afternoon Tea?

Prisen for Afternoon Tea er kr 245,- per person. Det inkluderer eit smørbrød, ein scone, eit kakestykke, samt ein kopp kaffi eller te.

Treng vi å bestille?

Nei, du treng ikkje å bestille på førehand. Om gruppa di er fleire enn 6 personar kan du sende melding til Emma på 41475774 med dato, tid, antall og evt. matallergiar.

Velkomen til ei koseleg stund på Gamlebutikken på Hjelle!