Julekafé søndag 10. desember

Oi, kor eg gledar meg til Julekafé på Gamlebutikken no på søndag (den 10. desember).

Eg gledar meg ALLER mest til at JULENISSEN kjem – ikkje berre det, men han blir ein stund. Alle barn er velkommen til å kome og snakke med Julenissen og fortelje han kva dei ønskje seg til jul. Barna kan skrive ønskjeliste om dei vil og levere det personlig til Julenissen. Julenissen har det travelt for tida og blir på Gamlebutikken mellom kl. 13-15 på søndag.

Vi har enkel servering med julesmørbrød, nissegraut, kaker (inkludert engelsk Christmas cake) og god kaffe.

På Gamlebutikken har vi mange julegavetips, – blir det lokal brukskunst eller engelsk porselen, – eller kanskje noko lesestoff?

Vi håpar at du har høve til å nyte julestemninga på Gamlebutikken i lag med oss.

Helsing Emma og Lorentz Hjelle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *