Halloween Overstått!

Phew! No er eg heime og sit ved kjøkkenbordet mens dei to eldste guttene i huset spelar rakkar.

I dag markerte vi Halloween på Gamlebutikken. Dagen begynte kl. 09:00, med mykje å gjere klart før butikken skulle opne kl.12.

To typar cupcakes skulle pyntast, ei kake skulle pyntast og skjærast opp, suppa måtte varmast, pølsene skulle steikast og smørbrøda skulle smørjast. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men ting tar tid, og det er alltid mykje smått dill inn i mellom (fyring i ovnen, trakting av kaffe osv).

Vi har aldri hatt ei «pop-up» opning før, og aldri hatt ope i november. «Kjem folk eller ikkje?», var det store spørsmålet. Kor mykje mat skulle eg lage? Barn som kom utkledd skulle få gratis gotttis, kor mange godteri poser var nok?

Ein må har litt spenning i livet og eg var jammen glad då første gut gjennom døra var kledd ut med skummel maske og det heile. Etter kvart var det fullt inne på «Gamlekontoret» og ekstra-borda inne på butikken var i bruk. Barna sprang høgt og lavt rundt i butikken (risikabelt når ein satsar på porselen) og stemninga var god.

Når kl. vart 15:30 og Gamlebutikken var tom for gjester, var det etterpå-voksen-fest med familie, venner og gjester fra Loen. Fint å slappe av og få inn litt næring før den siste oppvasken.

Då var gamle-heksa godt fornøygd med dagen. Det var passelig med besøk, passelig nok mat til alle og nokså akkurat med sitteplassar. Då seier vi at vi godt kan gjere dette igjen og neste veke begynner førebuinga til neste pop-up opninga: Julekafeen søndag den 10. desember. Gledar meg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *