Halloween Overstått!

Phew! No er eg heime og sit ved kjøkkenbordet mens dei to eldste guttene i huset spelar rakkar.

I dag markerte vi Halloween på Gamlebutikken. Dagen begynte kl. 09:00, med mykje å gjere klart før butikken skulle opne kl.12.

To typar cupcakes skulle pyntast, ei kake skulle pyntast og skjærast opp, suppa måtte varmast, pølsene skulle steikast og smørbrøda skulle smørjast. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men ting tar tid, og det er alltid mykje smått dill inn i mellom (fyring i ovnen, trakting av kaffe osv).

Vi har aldri hatt ei «pop-up» opning før, og aldri hatt ope i november. «Kjem folk eller ikkje?», var det store spørsmålet. Kor mykje mat skulle eg lage? Barn som kom utkledd skulle få gratis gotttis, kor mange godteri poser var nok?

Ein må har litt spenning i livet og eg var jammen glad då første gut gjennom døra var kledd ut med skummel maske og det heile. Etter kvart var det fullt inne på «Gamlekontoret» og ekstra-borda inne på butikken var i bruk. Barna sprang høgt og lavt rundt i butikken (risikabelt når ein satsar på porselen) og stemninga var god.

Når kl. vart 15:30 og Gamlebutikken var tom for gjester, var det etterpå-voksen-fest med familie, venner og gjester fra Loen. Fint å slappe av og få inn litt næring før den siste oppvasken.

Då var gamle-heksa godt fornøygd med dagen. Det var passelig med besøk, passelig nok mat til alle og nokså akkurat med sitteplassar. Då seier vi at vi godt kan gjere dette igjen og neste veke begynner førebuinga til neste pop-up opninga: Julekafeen søndag den 10. desember. Gledar meg.

Klar, ferdig, Halloween!

På søndag den 29. oktober skal Gamlebutikken på Hjelle ha sin første «pop-up» opning.  Det vil sei at vi opnar dørene utenom sesongen, berre for å ha det litt sosialt her i bygda vår.

Sidan det er Halloween neste tirsdag, tenkte vi at det hadde vore morsomt med eit Halloween-tema på Gamlebutikken. Ein pynte-dag og tre bake-dagar seinere har vi nesten Halloween i boks.

Her er ein liten titt inn i Halloween boksen:

Thor Robson og eg har pyntet Gamlebutikken, sconene er klar til Afternoon Tea, cupcakes, både sitron og sjokolade, er klar til pynting, vi skal ha ei god og fyldig haustgrønnsaksuppe og vi har testa mummy-pølser til dei minste.

På søndag blir det siste finishen på kakene, steiking av sveler og smøring av smørbrød før vi opnar dørene kl. 12 – 17.

Heksa Emma (det er meg) blir bak disken på søndag og alle barn som kjem utkledd, får ein liten pose med knask!!

Happy Halloween og eg håpar at vi sjåast på søndag:)

Unboxing

Det er mange som lurer på kva eg gjer når både hotellet og butikken er stengt om vinteren. Ærlig talt, lurer eg ofte på det same, særlig når våren kjem og vinteren har fykt forbi.

Denne veka fokuserer eg på butikken. På søndag denne veka skal butikken være open, med litt Halloween tema. Eg har tenkt å ikkje stresse, og heller kose meg med forberedelsene. Pynten er kjøpt, hekse-hua ligg klar og menyen er nokså bestemt, men først er det ein heil haug med nyankomen porselen frå England å pakke ut.

Eg er ikkje sjokkert at det er populært med «unboxing» på YouTube – filmer av folk som pakker ut nye ting – særlig nye telefoner.  For kvar ein boks, det var spennande å sjå kva som var gøymt mellom all bobleplasten.

Der låg masse fint frå Royal Albert, – nye porselen, sendt direkte frå fabrikken i England, ein av dei største porselen produsentene i England.

Så no har eg fått pakka ut, prisa alt og sett det på plass på hyller og bord i krinkel og krok på butikken.

Det var dagens jobb ferdig gjort. I morgen fortset eg med Halloween forberedelsane. Det blir kanskje ein tur til Stryn. Halloween-suppe må vi ha må menyen, då jakter eg etter butternut squash og gresskar (søtpotet og gulrøtene er allereie kjøpt på Buda). Så går no dagane …

Nytt på Nettbutikk!

No er det tid for en ny nettsida, og vi også prøve nettbutikk. Dette er bare en begynnelse, men planen er å vise en utvalg frå Gamlebutikken – både lokale brukskunst, antikk porselen og ny porselen frå Royal Albert.

Spennande å vise fram varene på Gamlebutikken på nett!